TEXT

Tillit?

Mellom det heimslege og uheimslege
Jorunn Veiteberg, 2015

«Livet er som eit stykke stoff», sa den norsk-amerikanske forfattaren Siri Hustvedt i eit intervju. Ho tenkte på at tapet av menneske som står ein nær, skaper hol i livsveven. Å skildra livet i tekstile metaforar er svært vanleg. Vi nøstar trådane for å skapa meining, og å fortelja historier blir ofte kopla til det å spinna og la skyttelen gå. Dei mange tekstile innslaga i Astrid Runde Saxegaard sin kunst kan difor lesast både konkret og symbolsk. Som ein moderne fillesamlar sankar ho plagg, paljettar, teppe, gardiner, kaffisekkar og andre tekstilar som kan koma til nytte som råmateriale i kunstverk og som rekvisittar i større tablå. Det ho får med på kjøpet ved å velja slike material er alle assosiasjonane dei automatisk vekkjer hos tilskodarane. Vi er alle fortrulege med tekstilar frå vårt daglege liv. Dei følgjer oss frå fødsel til død, gir vern og varme, komfort og kos. Men minna dei kallar fram, kan også vera knytt til skam og traume: Kva sengeteppet har sett og kosedyret høyrt, tåler ikkje alltid dagens lys.

Tillit er temaet for Dei nynorske festspela i 2015, men i utstillingstittelen har det kome eit spørjeteikn etter ordet: Tillit? Kva vil det seia å møta seg sjølv og andre med tillit? Det er karakteristisk for Astrid Runde Saxegaard sin kunst at den heller stiller spørsmål enn presenterer svar. Positivt ladde omgrep blir alltid tematiserte ved å peika på det motsette. Det gode heng saman med det vonde, slik førestillingar om det vakre ikkje kan lausrivast frå det stygge. Grensene er alt anna enn tydelege og lette å dra. Mange av tinga og tekstilane ho brukar, har høyrt til i kategorien kassert før ho lèt dei få ein ny funksjon som kunstnarleg råmateriale. I rommet ho inviterer oss inn i, er det såleis fullt av spor etter levt liv. Noko peikar mot det utstøytte og verdilause, anna mot noko opphøgd og verdsett, og samstundes dannar alt dette ein heftig kakafoni av fargar og teksturar. Her rår ingen hierarki når det gjeld materialar, og konvensjonelle idear om stygt og pent er for lengst sette ut av spel.

Ei korsform dekka av rosemalte fat og ein kollasj sett saman av raude fragment frå eit flagg, ei rosa fløyelsbukse, eit raudfarga saueskinn, gardinduskar og ei blåse av plast delt i to tøyer i alle fall grensene for såkalla god smak. Alt det raude gir temperatur til verket, og understrekar det dramatiske og kjensleladde. På ein pall tronar også ein leopard i form av eit kosedyr. Det kan mest ikkje lesast som anna enn eit ironisk innslag, for er ikkje leopardmønster først og fremst noko vi knyter til «glamorøse kvinner på kanten til det vulgære», som kritikaren Tommy Olson ein gong formulerte det i ein omtale av Saxegaard sin kunst? Han er den som sterkast har framheva ubehaget i kunsten hennar, og korleis det blir skapt: «Det kan være noe så enkelt som at ting ikke nødvendigvis er hva de pleier å være; at signalene for trygghet og omsorg plutselig blir brukt som våpen.» Det tvitydige ved leoparden er eit døme på dette. I mytologisk samanheng symboliserer leoparden løyndomar, mystikk og sensualitet, men her er den også ei leike i ei absurd setting.

At regissøren av dramaet Tillit? er ei kvinne, går fram av synsvinkelen som styrer kombinasjonane av tekstilar, fargar, dokker, møblar og ting, og tilfører dei ei ekspressiv kraft som er alt anna enn «heimekoseleg». Montasjane hennar har mykje til felles med prinsippa surrealistane la til grunn for den typen objekt dei presenterte på 1930-talet: Ved å ta ting ut av sin vanlege samanheng oppnådde dei ein framandgjeringseffekt; ved å lata ting og materialar frå heilt ulike verder bli førte saman i ein ny kombinasjon, skapte dei ein sjokkarta verknad; og gjennom endring av tinga skapte dei metamorfosar. Meret Oppenheim sin berømte pelskledde kopp, Objekt (stundom referert til som Frukost i pels) frå 1936, representerer alt dette. Det absurde og fantasieggjande i den overraskande kombinasjonen av pels og porselen set i gang ein psykologisk prosess hos tilskodaren. Surrealistane vona, og det trur eg er ei von Astrid Runde Saxegaard deler, at kunsten på denne måten kunne føra til nye tankar og endring av både liv og samfunn.

Surrealismen er ikkje den einaste kunsthistoriske referansen som er relevant i møtet med Saxegaard sin kunst. I det siste har dei italienske kunstnarane som på 1960-talet blei knytte til omgrepet «Arte Povera» (Fattig kunst), fått nye merksemd i Norge. Bruken av ordet «fattig» blir i dag gjerne forbunde med materialbruken deira: Det kunne vera billege materialar som papp og papir, eller funne ting som tøy, eller jord og strå frå naturen. At det i dette låg ein kritikk av marknadskreftene og overforbruk, er ofte blitt framheva, og det er ei holdning vi finn igjen hos Saxegaard. Bruken av ordet «fattig» var også inspirert av den polske teaterinstruktøren Jerzy Grotowski sine idear om «det fattige teateret», der alt overflødig (som kostyme og rekvisittar) er skrella bort, og berre det heilt naudsynte står att: møtet mellom skodespelaren og tilskodaren.

Bildekunstnarane i Arte Povera ønskte ein kunst som var nærare folk sitt daglegliv. Presentasjonsforma skulle vera enkel og direkte, og difor blei det gjort minimalt med endringar av materialane. Eit døme er Michelangelo Pistoletto sitt verk Liten mur av filler frå 1968. Det er bygt opp av murstein som er dekte av spraglete stoffbitar, og bak muren ligg ein haug med klede. Både mursteinen og fillehaugen representerer lett tilgjengelege materielle ressursar. Dette og samanstillinga av mønster og fargar, saman med faste og formlause element i fin blanding, er ein estetikk vi finn att hos Astrid Runde Saxegaard. I tillegg trekkjer ho på ein annan kulturell arv, av meir heimsleg og nasjonal karakter, handarbeidet og husfliden, representert ved hekla, sydde og vevde tekstilar og rosemåla tallerkenar.

Utstillinga Tillit? er forma som ein total installasjon, der alle delane inngår i ein assosiasjonsrik og forteljande heilskap. Karakteristisk er den romlege karakteren som tvingar oss som tilskodarar til å gå omkring i verket, og ikkje berre stilla oss på avstand og kikka på det. Som sjanger er installasjonen ein svært open og mangfaldig kategori, for den er ikkje knytt til eit bestemt materiale eller medium. Snarare er den ein slags restkategori og difor svært elastisk. Dominansen av mjuke og føyelege materialar i Tillit? understrekar denne tøyelege karakteren. Dette er ikkje eit stivna og statisk monument prega av vertikal reising, men eit skjørt og ustabilt anti-monument som formidlar kjensler og erfaringar i spennet mellom draum og røyndom.