EXHIBITIONS

Gi Meg Ein Dag Til

Galleri 69, Grünerløkka Lufthavn, Oslo
Oslo, Norway
12. - 21. januar 2018

Astrid Runde Saxegaard sin tekstilinstallasjonen DemonStration var med på Høstutstillingen 2017. I november hadde ho eit 3 vekers opphald på Artist Recidence i Togo i Afrika. No er ho tilbake i Oslo, på Galleri 69.

«I Afrika såg eg søpla mi, eller er det ressursar på avveie? Eg fann og dei gamle teflonsteikepannene eg har kasta. Dei svarte posane vi her heime brukar til hundebæsj, vart det seld varm mat i på gata i Togo. Før i tida fortalde dei om hendingane i Afrika på Bedehuset. No kunne eg gå ut å synge gløymde salmar med dei nyfrelste ungdomane like utanfor. For eg har forlatt trua mi, trur eg. Litt vemodig, litt fint og litt ubehagelig å treffe den igjen i Afrika. Eg trudde eg skulle høyre trommer og danse rundt bålet. Alt og alle flyttar seg og finn nye former».

«På studio er det mykje greier. Kassene er sprengfulle og innhaldet velter ut over golvet. Utstillinga eg no skal ha, er ikkje ferdig enda. Gje meg ein dag til, sa eg til Constanse. Er det tittelen? Det vart tittelen. For hos Constanse på Galleri 69 kan ein leike, og arbeidsprosessen kan halde fram heilt til ho låser opp døra og seier velkommen! Her er det plass for angst, tårer og latter. Og det er det som blir vist. Utstillinga vil bestå av 6-7 tekstilarbeider»
– Astrid Runde Saxegaard

Astrid Runde Saxegaard (f. 1968 i Volda) er utdanna ved Statens Håndverks og Kunstindustri skole, og har hovedfag frå Institutt for Tekstil (1990-1995). Saxegaard har deltatt på fleire utstillingar dei siste åra, mellom anna på SOFT Galleri, Kunstnerforbundet, Kunstmuseet KUBE, Haugar Vestfold Kunstmuseum, Gustavsberg Kosthall i Stockholm og på ei rekke juryerte utstillingar. Saxegaard er kjøpt inn av Kunstmuseet Kube i Ålesund, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseet i Trondheim, Collection of Linda Deocariza-Fredly i Ålesund og Nasjonalmuseet i Oslo. I slutten av januar 2018 deltek Astrid Runde Saxegaard på den store utstillinga HEN-FLYTENDE KJØNN på Kunstmuseet Haugar i Tønsberg.

Utstillinga er støtta av Vederlagsfondet